Tidslinje
Kommunane i Region Nordhordland har handsama og vedtatt;
- Det skal byggjast eit felles helsehus i Knarvik
- Bygget skal oppførast, eigast og driftast av eit interkommunalt selskap
- Bygget skal oppførast på tomta som er tidlegare eigd av Statens Vegvesen (Kvassnesvegen 11)
- Arealramma for Region Nordhordland Helsehus er 12 000 m2 BRA.
- Selskapsavtale for Region Nordhordland Helsehus IKS (RNHI).
Nordhordland Utviklingsselskap IKS har fått fullmakt til å arbeida etter framlagt plan for vidare prosjekt - og detaljplanlegging.
Faseillustrasjon:
Tidslinje:
2020/2021: Ferdig bygg og innflytting.
2018/2020: Byggefase
2017/2018: Anbodsfase og oppstart byggeplass.
2016/2017: Vidare konkretisering med sluttføring av skisseprosjekt og gjennomføring av
forprosjekt.
2015: I mai 2015 vart det inngått kontrakt med Link Arkitektur AS. Identifisering av samarbeidsområder, vurdering av organisering og modell for vidare arbeid med samarbeid og tenesteutvikling er arbeidd med i heile 2015. Utvida brukarprosess med fokus på samarbeid og synergi er gjennomfør med involvering av leigetakarar og representantar for tenestemottakar.
2014: Kommunestyra i dei 9 samarbeidskommunane vedtok å etablera Helsehuset og Region Nordhordland Helsehus IKS (RNHI) vart etablert hausten 2014. I desember vart Sweco Norge AS engasjert til prosjektleiing for byggeprosjektet. Med bakgrunn i utgreiingar og vurderingar, såg ein at det var behov for å auka arealramma. Det vart vedtatt at ein skulle sikre maksimal utnyttingsgrad av tomta, som er 12 000m² BRA.
2013: Rapporten "Helsehus i Nordhordland" vart utarbeida hausten 2013 av NUI på oppdrag frå Regionrådet. Rapporten gir innstilling til val av tomt, økonomi, eigarskap, organisering og innhald i Helsehuset. Alle kommunane slutta seg til å byggja eit Region- og helsehus på om lag 8000 m2 i Knarvik, men at endeleg storleik vert avklara i den vidare prosessen. Det vart også slått fast at helsehuset skal vera offentleg eigd, og at bygget vert oppført og drifta av eit interkommunalt selskap (IKS).
2012: Arbeidsnotatet "Forprosjekt Helsehus" (datert 6. januar 2012) vart utarbeida, og Regionrådet i Nordhordland og Nordhordland Utvilingsselskap IKS (NUI) gjennomførte "Forprosjekt Helsehus i Nordhordland" datert august 2012. Forprosjektet ga ei innstilling til realisering og etablering av eit framtidig felles Helsehus i Nordhordland.Vurdering av omfang og innhald i Helsehuset var gjennomført i samarbeid med Haraldsplass Diakonale Sykehus og Helse Bergen.
2011: Regionrådet startar utrgeiing av grunnlaget for å etablere eit Distriktsmedisinsk senter i Nordhordland.