Om Region Nordhordland - Nordhordland Utviklingsselskap IKS

Nordhordland Utviklingsselskap IKS er eigd av dei sju kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy, og er kommunane sitt samarbeidsorgan for felles innsats i regionen.

Nordhordland luftbilde.jpg

Samarbeidsorganet er kommunane sitt verkty for felles innsats på fleire store område. Utviklingsselskapet har merkenamnet Region Nordhordland, og er knytt opp til det strategiske organet Regionrådet Nordhordland, samansett av ordførarane frå dei sju kommunane. Ordførarane utgjer også representantskapet til utviklingsselskapet, medan tre rådmenn utgjer styret.

Aktivitetane i Region Nordhordland skal bidra til vidareutvikling av regionen vår næringsmessig, sosialt og kulturelt.

Kort og godt om det regionale samarbeidet:

  • Me vil styrka livskvaliteten for dei som bur her
  • Skapa det gode liv med fritid, arbeid og god helse
  • Styrka samhandling mellom regionen og omverda
  • Økonomisera med offentleg ressursbruk
  • Bidra til utvikling og miljøvern