Sekretariat for kontrollutvala i Nordhordland og Voss

Nordhordland Utviklingsselskap IKS (NUI) ivaretek sekreteriatsfunksjonen for kontrollutvala i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Voss.

Kontrollutvalet fører løypande tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyrets vegne, og ser til at kommunen har ein forsvarleg revisjon. Tilsyn med forvaltninga utførast gjennom revisor sitt arbeid, av dette rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll.

Kapittel 23 og 24 i kommunelova regulerer kontroll og revisjon, og er nærare spesifisert i forskrift om kontrollutvalg og revisjon.

For meir informasjon om kontrollutvala i dei ulike kommunane, gå inn på kommunen sin heimeside:

Alver - Austrheim - Fedje - Masfjorden - Modalen - Osterøy - Voss

 

Sekretariat

§ 23-7 i kommunelova og § 7 i forskrifta omhandlar sekretariatsfunksjonen til kontrollutvalet. NUI ivaretek sekretariatsoppgåvene for kontrollutvala i 6 av eigarkommunane, samt kontrollutvalet i Voss herad. Sekretariatet er kontrollutvalet sitt operative organ og har som hovudoppgåve å sjå til at dei saker som vert handsama av kontrollutvalet er forsvarleg utgreia, og at utvalet sine vedtak vert sett i verk. 

Kontaktpersonar for kontrollutvala er: 

Tonje Husum Aarland - tlf.: 928 58 413 - tonje@nordhordland.net 

Bent Gunnar Næss - tlf.: 481 24 623 - bgn@nordhordland.net

 

Revisjon

Alver kommune har avtale med KPMG som utfører revisjonstenestene.

Nordhordland Revisjon IKS er eit interkommunalt revisjonsselskap eigd av dei fem kommunane Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen og Osterøy.

 

Gladihaug. Foto: Tonje