Interkommunal plan for sjøareal i Nordhordland

Kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal har i fellesskap starta prosessen med å utarbeide ein interkommunal plan for sjøareala i kommunane.

 

Det er mange interesser knytt til kystsona og sjøareala. Aukande konkurranse og interessekonfliktar kan gjere sjøareala utfordrande å forvalte. Kommunen har mynde over arealbruken i sjøområda etter plan- og bygningslova, og ansvar for å skape føreseielege rammer. Til dette trenger kommunen eit godt styringsverktøy.

 

Planområdet gjeld berre for sjøområda. Det vil sei frå flomålet i elveosar og ned til sjøbotn. Avgrensing ut i sjø er 1 nautisk mil utanfor grunnlinja. 

Kommunestyra i dei deltakande kommunane vedtok hausten 2020 å ta del i interkommunal plan for sjøareal. Kommunestyret valte representant og vararepresentant til interkommunalt planutval (IKPU), jf. §§ 9-2 og 9-3. Kommunestyret delegerte planmynde til IKPU. Kapitel 11 i plan og bygningsloven set rammar for planlegginga med kva type formål og føresegn som kan gjevast i planen. Ein interkommunal plan er ikkje ein «overkommunal plan», men ei samansetting av fleire formelt sjølvstendige kommunale planer «bygd» på ein heilskapleg vurdering.

Det interkommunale Planutvalet (IKPU) er eit politisk oppnemnd styre som skal leie planarbeidet jf. pbl § 9-2. Dei deltakande kommunane har gjennom vedtak overført mynde til å treffe vedtak om planprosessen til IKPU, jf. § pbl 9-3. IKPU har ansvaret for å legge politiske føringar for planen sitt mål og innhald. IKPU vedtar forslag til planomtale, plankart og føresegn, gjennomfører offentleg ettersyn og innstiller det endelege planforslaget til kommunestyra for vedtak.

Medlemmene i IKPU har ansvar for kommunikasjon med det politiske miljø i eigen kommune.

Meld gjerne inn ønsker om ting som bør takast inn på denne sida til - bent.gunnar.naess@nordhordland.net