Linda Sæle Kjenes_Den gode hyrde_Sagstad Meland_utsnitt
Foto: Linda Sæle Kjenes

Ullprosjektet "Varme trådar"

Forprosjekt i Nordhordland om satsing på norsk ull

Nordhordland har sauen sitt kulturlandskap, stolte sauebønder, sterke ull/tekstil bedrifter, levande handtverkstradisjonar, dyktige designarar og eit sterk engasjement for bruk av ull som materiale. Vi ønskjer å få større merksemd på dei norske sauerasane våre, kvaliteten på den norske ulla, norske handtverkstradisjonar og tekstilindustri, og vise fordelane med å bruke norsk ull i eit berekraftperspektiv, som ein kortreist og ­fornybar ressurs.

Prosjektet "Varme trådar" tar utgangspunkt i lokale tradisjonar og har som mål at Nordhordland skal ta ein posisjon i arbeidet med å fremje og foredle norsk ull. Vi har ei Ullklynge i Nordhordland, eit nettverk av aktører/bedrifter som ønskjer å løfte fram bruken av den norske ulla. Gjennom dette forprosjektet ønskjer vi no å utvikle ei nasjonal satsing på NORSK ULL etter mønster av «Campaign for wool», som har sitt utgangspunkt i England men som nå er i ferd med å få avleggjarar i mange land i verda. Prosjektet skal bidra til forståing og interesse for sauehald, til berekraftig vidareforedling av ulla, til forsking og utvikling både av ulla som råvare og som grunnlag for framstilling av ulike produkt (tekstilar, klede, osb.), til vidareføring av tradisjonar (farging, spinning, strikking, veving osb.), til marknadsføring og til merkevarebygging. Den årlege ULLVEKA er eit viktig arrangement i denne satsinga, samt "Møteplass ull" - eit fagforum for ull-entusiastar.

Samarbeidspartnarar er Lyngheisenteret, Hillesvåg ullvarefabrikk, Husflidskonsulenten i Hordaland, Sommarakademiet, Nordhordland og Hordaland husflidslag, Nordhordland Utviklingsselskap IKS m.fl. 

Prosjektet er støtta av Hordaland fylkeskommune og Lindås kommune.