Bente Semmingsen Fivelsdal_skitur Lauvåsvarden
Bente Semmingsen Fivelsdal_skitur Lauvåsvarden

Jakta på Region Nordhordland - i bilder

Fotokonkurranse kvar månad i 2016!

Har du tatt nokre fine bilder i Nordhordland? No er det tid for å sende inn bilder for desember månad! Vi er spesielt på utkikk etter bilder med folk i - gjerne i ein aktivitet. Det kan vere eit jobbbilete, eller ein tur på fjorden - kva er Nordhordland for deg?

Nordhordland søkjer om å få bli det første UNESCO biosfæreområdet i Norge. Ein viktig del av dette arbeidet er å få tydelegare fram regionen sin identitet. Det vil vi mellom anna vise i bilder. Gjennom heile året i 2016 jaktar vi på gode motiv frå regionen, og treng hjelp frå deg. Vi ønskjer bilder frå alle kommunane som er ein del av det planlagde biosfæreområde: Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy og Øygarden.

Alt som kan vise fram denne flotte delen av landet vårt er av interesse, men vi håpar å få inn motiv som fangar kva folk er opptekne av: folk i kvardag og fest, barn, ungdom, gamle, arbeidsliv, kulturaktivitetar og friluftsliv. Tenk gjerne gjennom:

- Kva er Region Nordhordland for deg?

- Kven er ’nordhordlendingen’?

- Kvar har vi arbeidsplassen vår?

- Korleis er det å vekse opp her?

- Kva gjer vi på i fritida?

Vi vil kåre ein vinnar kvar månad. Månads-premiane vert god lokalmat og vinnarbildet vil få ein viktig plass både på våre nettsider og i publikasjonar. I januar 2017 vil vi kåre ein super-vinnar som får tur til Paris som premie.

INNSENDINGSFRIST:
Siste dag i kvar månad, bortsett frå månadene januar og juli (i desse to månadene er det ingen konkurranse).
 
JURY:
Vi har ein jury som for kvar konkurranse vil kåre vinnaren for månaden. Juryen består av:
Leiar: Kjersti Isdal, prosjektmedarbeidar i biosfæreprosjektet, illustratør
Arne Aarseth, fotograf Studio Nordhordland
Jon Askeland, ordførar i Radøy og leiar i styringsgruppa for biosfæreprosjektet
 
PREMIERING:
Vi slår eit slag for mat og matopplevingar i regionen vår: kvar månad kan du vinne premie knytt til lokalmat. Premieleverandør for månaden vert presentert på nettsida vår utover året.
 

Hovudpremie: Vinnaren av fotokonkurransen for 2016 vinn ein tur for to til Paris, reise og opphald. I tillegg til dette inkluderar premien privat omvising i UNESCO-bygninga der ein mellom anna kan lære meir om biosfæreområda rundt omkring i verda og middag på ein lokalmat-restaurant i Paris.

KONKURRANSEREGLAR:

  • Kvar deltakar kan sende inn maksimalt 3 bilder per måned.
  • Bilda må vere i så stor oppløysing som mogeleg (minimum 1MB/800px) og i jpg-, gif- eller png-format.
  • Bilda må vere tatt i det foreslåtte Biosfæreområdet.
  • Du kan kun delta med bilder du sjølv har fotografert.
  • Det er innsendaren sitt ansvar å sørge for å få løyve til offentliggjering av eventuelt andre personar på bildet.
  • Navn på personar på bildet må vere med hvis personane kan identifiserast.
  • Personopplysningar vert lagra i samband med bilder som arkiverast i Nordhordland Utviklingsselskap IKS (NUI) sitt fotoarkiv.
  • Er det bilder av barn må føresatte samtykke på barnet sine vegne inntil barnet er 15 år.
  • NUI forbeholder seg retten til å offentliggjere innsendte bilder samt bruke bilda i NUI sine eigne kommunikasjonskanaler (magasiner, nettsider, sosiale media), i PR osv.

Send bilde til: kjersti@nordhordland.net

Kontaktperson: Kjersti Isdal (rådgjevar), Region Nordhordland, tlf: 97 12 91 93