Hele salen sdg mål

Frå ord til handling. Oppsummering frå Arbeidssmia er klar

Samlinga på 'Day Zero', Universitetet i Bergen

No er oppsummeringa frå den store arbeidssmia klar. 5. februar var omkring 80 engasjerte menneske samla på det Akademiske Kvarter for å dele idear og gje konkrete innspel til korleis Nordhordland UNESCO Biosfæreområde kan bli ein leiande arena for berekraftig utvikling. Arrangementet var ein del av programmet under Day Zero i Den tredje nasjonale Bærekraftskonferansen ved Universitetet i Bergen.

20. mai 2020
SDG Bergen 20

Nordhordland biosfæreområde på den store berekraftskonferansen 'SDG Bergen 20' ved UiB

Eigen workshop på 'Day Zero'

Onsdag 5 februar inviterar UNESCO-Chair Inger Måren til workshop i samband med Universitetet i Bergen sin berekraftkonferanse. Tema: «Nordhordland UNESCO Biosfæreområde som arena for berekraftig utvikling»

22. januar 2020
illustrasjon_uibno

Den nasjonale Berekraftskonferansen - SDG Conference Bergen 7.-8.februar 2019

Day Zero - førprogram 6.februar

Universitetet i Bergen inviterer til den andre nasjonale Berekraftskonferansen - 7.-8. februar 2019. Her vil universitets- og høyskolesektoren i Norge møte beslutningstakarar, frivillige organisasjonar, næringsliv og fleire for eit kritisk blikk på korleis sektoren skal forholde seg til berekraftsmåla. Day Zero er det nye tilskuddet som førprogram til den nasjonale Berekraftskonferansen – SDG Conference Bergen – og finn stad onsdag 6. februar 2019. Deltaking på Day Zero er gratis og open for alle. Påmeldingsfrist innan 23.januar!

21. januar 2019