Dig-0459

Kystlandskapet som ressurs

Heilskapleg forvalting av landskapet. Kystskogbruk og ope landskap

Prosjektet «Heilskapleg forvalting av landskapet» er ein del av biosfæresatsinga i Nordhordland. Overordna mål er å ta gjengroings-utfordringene i Nordhordland frå problem til ressurs, med visjon om å gjere Nordhordland til eit modellsområde for heilskapleg forvalting av kystlandskapet.

 Prosjektet skal gjennomførast i 2 fasar.

I første fase (forprosjektet) skal vi velje ut eit  pilotområde for kartlegging av behov i eit mindre område, og prøve ut enkle tiltak. Vi knytt til oss relevant kunnskap og arrangerar mellom anna ein konferanse om Bioøkonomi. Vi skal vidare i forprosjektet avklare rammene for, organisering av, og dei konkrete aktivitetane som skal gjennomførast i hovudprosjektet.

Fase 2 er planlagt som eit 3-årig hovudprosjekt der ein bygger på erfaringane frå piloten, men setter inn fleire tiltak og utvidar dei geografiske rammene for aktiviteten. Informasjon til, og kommunikasjon med, alle interessentar blir viktig. Planen er at tiltaka skal prøvast ut og evaluerast i ei forskings-samanheng. Målet er å utvikle tiltak og prosedyrar som etter prosjektet kan takast i bruk i heile regionen og som kan overførast til andre kystkommunar som har dei sama utfrodringane som vi har i Nordhordland.

Visjon: Nordhordland skal bli eit modellområde for heilskapleg forvalting av kystlandskapet. 

Målsetting på lang sikt:

  • Utarbeide ein heilskapleg forvaltingsplan for Kystskogbruk og ope landskap i Nordhordland
  • Løyse lokale utfordringar
  • Utvikle forvaltingsmodeller
  • Nasjonalt kompetansesenter for handtering av problematikk vedr. gjengroing
  • Finne bioøkonomiske løysingar
  • Gjennomgåande analyse med overføringsverdi til andre kystkommunar
  • Samarbeid med nasjonale (og internasjonale) fagmiljø