Hjem  /  Utforsk  /  Naturverdiar  /  Fjord

Lurefjorden og Lindåspollane

Eit marint verneområde

Lurefjorden og Lindåspollane innafor er no eit marint verneområde, det einaste i Vestland Fylke. Kva er det som gjer dette fjordbassenget så spesielt? Det har vist seg at det finst faktisk ikkje make i heila verda!

Lurefjorden har vore gjenstand for mykje interessant forsking dei siste tiåra og vi veit mykje om livet under vatn her. Det er ei rekke tilhøve som gjer fjorden spennande, men og sårbar. Ein av faktorane kan vi sjå frå land: det finst ikkje høge fjell rundt fjorden. Ser vi på dei fleste fjordane i Norge har dei høge fjell og får god tilførsel av ferskvatn frå fjellområda kring dei. Til skilnad er det forhaldsvis flatt landskap kring Lurefjorden og den har eit relativt lite nedslagsfelt og får med dette lite tilførsel av ferskvatn.Lurefjorden.jpg

 

Ein marin innsjø
Lurefjorden er karakterisert som ein «marin innsjø» med tronge innløp frå kystfarvatnet omkring. Tilførsel av sjøvatn kjem gjennom dei tronge innløpa med sterke tidvass-straumar, men med terskeldjup på berre 20-30 meter forhindrar det tungt atlantisk sjøvatn å kome regelmessig inn i fjorden. Hadde vassutskiftinga i fjorden vore total, ville det tatt 193

Bildet syner Lurefjorden med det flate landskapet rundt 

dagar å skifte ut alt vatnet. Sidan det ikkje er tilfelle, tar vassutskiftinga i Lurefjorden mykje lengre tid. Dette har mykje å seie for vasskvaliteten, noko som gjer fjorden særs sårbar for forureining. Tidvass-straumane fraktar inn rikt med dyreplankton som gjev eit godt næringsgrunnlag for fisk, sjøpattedyr og fugl. Fjorden er heile 440 meter djup på det djupaste og naturen har skapt naturlege akvarium med ulike økologiske tilhøve


Spennande liv under overflata – kronemanten Periphyllapherifylla.jpg
Det at fjorden er så lukka og så djup gjev heilt spesielle levevilkår. Det finst ikkje eit stort mangfald av artar her, men fleire av artane som finst er overlevingar etter siste istid. Til dømes arten Ishavsåte som ein finn i det nordlege Barentshavet, lever i Lurefjorden. Mest kjend er kronemaneten «Periphylla Periphylla» Dette er i utgangspunktet ein djupvassart som har vid utbreiing i verda. Den fann først fram til Lurefjorden på 1970-talet. Sidan har bestanden vakse sterkt, og i dag reknar ein med at det finst 50–60 000 tonn av arten her. Dette gjer arten svært dominerande i fjorden. Årsaka til denne utviklinga er interessant. På 200 meter djupn er nemleg Lurefjorden 10 000 gongar mørkare enn andre fjordar på våre kantar. Lystilhøva her kan såleis minne om situasjonen på langt større djupne i dei store verdshava. Dei fleste fiskeslag finn ikkje fram til maten når det er så mørkt, men lysmangelen skapar ingen slike problem for kronemaneten.
Bildet syner den sjølvlysande Periphylla periphylla i mørke Lurefjorden.

 

Den unike sildestammen i LindåspollaneLindåsslusene.jpg
Lindåspollane er ein rad med 3 pollsystem som får tilførsel av vatn gjennom nye tronge sund med grunne tersklar inn frå Lurefjorden. Pollane er karakterisert av at vatnet har høgt saltinnhald. I dei to yste pollane finst ein «fossil» lokal sildebestand som ein meiner kan sporast minst 6-7000 år tilbake i tid. Silda gyter, veks opp og lever heile sin livssyklus inne i Lindåspollane. Bildet er frå sjøvasslusa ved Spjotøy, ein av inngongene frå Lurefjorden til Lindåspollane.

 

Kva er verna?
Det marine vernet vil i liten grad påverke aktivitetane til folk kring fjorden. Det er dyrelivet på havbotnen som er det primære verneføremålet for å sikre sårbare habitat og artsmangfaldet. Det vert forbode å nytte taretrål og annan botntrål, og opptak av skjelsand er heller ikkje lov. Dette er aktivitetar og reiskap som uansett ikkje er aktuelle i Lurefjorden i dag.

 

Vakre Lurefjorden og «Den indre farleia»
Sjøvegen gjennom Nordhordland, «Den indre farleia», er vakker og noko vi er ekstra stolte av i regionen vår. Farleia, med alle kulturminne langs den, vart i 2019 utpeikt som eit kulturlandskap av nasjonal interesse av Riksantikvaren. Du kan lese meir om det her. Så neste gong du besøker Lurefjorden og Lindåspollane så veit du at i dette vakre landskapet skjuler det seg unike perlar også under sjøoverflata - det finst faktisk ikkje make i heila verda!