Naturgode sopp
Foto: Jarrod Cusens

Landbruk er eit høgt verdsett naturgode i Nordhordland UNESCO biosfæreområde!

Dei første resultata frå Naturgodeundersøkinga er her.

No kan vi publisere dei første resultata frå spørjeundersøkinga om naturgode i biosfæreområdet. Undersøkinga vart gjennomført våren 2020 av Alicia Barraclough og Jarrod Cusens, i samarbeid med UNESCO Chair Inger Måren  - alle frå Universitetet i Bergen.

Gjennom eit on-line spørjeskjema fekk respondentane peike ut stader av spesiell verdi for dei, anten det gjaldt friluftsliv, fiske, hausting, rekreasjon eller biologisk mangfald. I alt 13 kategoriar av naturgode (økosystemtenester) blei kartlagt i biosfæreområdet. Det var i alt 433 personar frå heile biosfæreområdet som var med på undersøkinga. Til saman plasserte dei 3215 markeringar på kartet over kvar dei verdsett ulike typar naturgode i regionen vår. Folk set pris på naturgode som er i nærmiljøet naturleg nok, det vil seia nær der folk bur. Difor ser vi fleire kartfesta naturgode i den sørvestlege delen av biosfæreområdet. Dette tyder ikkje at det ikkje finns naturgode og naturverdiar i område med færre innbyggjarar, men her er dei altså ikkje like godt kartlagt.

Du kan lese meir om korleis Miljødirektoratet forklarar naturgoder / økosystemtenester her.

 

Ei oversikt over fordelinga av svar viser tydeleg at utandørs rekreasjon er det som folk er aller mest opptekne av – ikkje så veldig overraskande! På plassen bak kjem verdsetting av biologisk mangfald (biodiversitet). Kanskje meir overraskande, men veldig flott, er det at landbruk og landbruksprodukt står høgt oppe på lista.

Naturgoder norsk 1.png

 

Undersøkinga syner at folk verdsett landbruk og landbruksprodukt høgt. Ofte finn ein på same staden der dette er markert også høg verdi av lokal kultur og kulturarv. Desse to står sterkt saman i kulturlandskapet. Vidare finst det mange eksempel på at folk verdsett utandørs rekreasjon og biologisk mangfald på dei same stadene.  Vi finn også fleire eksempel på at mange av dei 13 naturgoda er plassert på same stad – det vil seie at nokre av naturgoda førekjem saman i «buntar» som til dømes landbruk og landbruksprodukt saman med lokal kultur og kulturarv, og friluftsliv saman med biologisk mangfald. Det at det same landskapet leverer fleire naturgode kan me kalla  multifunksjonelle landskap.

 

Naturgoder norsk 2.png

 

Undersøkinga såg og på kva naturgode dei som har ansvar for lokal forvalting, regional overordna leiing og forsking vektlegg:Naturgoder norsk 3.png

Figuren syner at skydd frå ekstremvær og minske klimaendringar er blant naturgoda med låg merksemd på tvers av sektorane.

Landbruk, rein luft, vatn og jord samt biodiversitet er faktorane som får høgast merksemd på tvers av sektorane. Utandørs rekreasjon får høg merksemd frå leiing på  lokal / regional nivå, medan dette står lågt på agendaen til forskingsmiljø.

 

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg