Kandidat til nasjonal jordvernpris 2017!

Region Nordhordland er innstilt som Fylkesmannen i Hordaland si kandidat til jordvernprisen for rettleiaren "Jordmassar - frå problem til ressurs"

Jord hender.jpg
Den nasjonale jordvernprisen er eit av tiltaka i jordvernstrategien, Prop. 127 S (2014-2015), og skal framheve og motivere til nyskapande tiltak og planar.

Fylkesmannen i Hordaland har no innstilt Region Nordhordland som kandidat til den nasjonale jordvernprisen for 2017 for arbeidet med rettleiaren "Jordmassar - frå problem til ressurs". I grunngjevinga til Fylkesmannen i Hordaland, står det mellom anna:

"Rettleiaren som er utarbeidd av kommunane i Nordhordland har bidrege til at det er retta fokus på desse problemstillingane i dei ulike kommunane, og dei har sett på ulike tiltak for å nytte seg av overskotsmassar for å styrkje driftsgrunnlag for landbrukseigedomar. Vidare bidreg den til å avklare spørsmål knytt til sakshandsaming som dei private, men også det offentlege, har til gjennomføring av slike tiltak.

Rettleiaren har såleis vore til hjelp for deira eigne kommunar og andre kommunar for gjennomføring av tiltak som varetek den beste jorda, slik at denne blir nytta i eit framtidig perspektiv og ikkje går tapt for framtidige generasjoner."

Rettleiaren har vore utarbeida gjennom det interkommunale prosjektet "Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda" i Nordhordland; eit prosjekt som har vore finansiert av skjønsmidlar frå Fylkesmannen i Hordaland, klimatiltaksmidlar frå Hordaland fylkeskommune og omfattande eigeninnsats frå dei involverte kommunane.
 

Les meir  om grunngjevinga og jordvernprisen her.
 

Les meir om prosjektet og rettleiaren her.
 

Forsidebilde

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg